SPAR Kalvåg utvidar opningstidene med RMA-Butikkstyring
SPAR Kalvåg har fått RMA-Butikkstyring frå Liberty Now og er no ein høgteknologisk og delvis fjernbetent butikk. Opningstida blir utvida til 06–23, og 1. oktober inviterte butikksjefane til kaffi og kaker for å feire.
01.10.2026
Nyoppussa SPAR Kalvåg i nyaste profil
Feiringa kom kort tid etter nyopninga 18. september. Då stod butikken klar nyoppussa, med nye ølkjølarar, siste finpuss i heile butikken – og den nyaste profilen frå SPAR. No er òg den nyaste teknologien på plass.
Tre driftige damer sidan 2010
Butikken blir driven av tre driftige damer, Ann Helen Fosse Igland, Åse Steinseth Holthe og Renate Olaug Naustdal – som har hatt han sidan 2010. Dei jobba saman på restaurant før dei bestemte seg for å satse på noko felles. Samarbeidet har fungert veldig bra, dei fordeler arbeidsoppgåvene seg i mellom.
Foto: SPAR Kalvåg – delvis fjernbetent butikk med same betente kjernetid, du møter betjeninga til vanleg tid.
Same betente kjernetid som før
Med RMA-Butikkstyring kan butikken halde ope frå klokka 06 til 23. Den betente kjernetida blir den same som før: måndag til fredag 08–18 og laurdag fram til klokka 16.
– Nokre kundar har vore uroa for at overgangen til høgteknologisk og delvis fjernbetent butikk skal gå ut over arbeidsplassar. Men vi gjer jo ikkje dette for å kutte kostnader – vi vil styrke butikken og bygda! Vi gir kundane eit betre tilbod, seier butikksjef Renate Olaug Naustdal.
Betre tilbod for hyttefolk og fiskeindustri
Idylliske Kalvåg i Bremanger er rekna som ein typisk turiststad, og har mange hyttefolk. Det gjer at butikken har høve til å halde søndagsope i sommarmånadene. Hyttefolket har sjølve gitt signal om at dei treng lengre opningstider, fordi dei ofte ikkje rekk å handle etter at dei har kome fram til feriestaden i Kalvåg.
Bygda har òg mykje fiskeindustri.
– No får dei tilsette moglegheit til å bruke butikken både før og etter jobb, seier Naustdal.
Dei lokale har vore spente, og mange har gleda seg til å teste ut den høgteknologiske butikken.
Ein viktig sosial møteplass
Butikken har ei viktig rolle som sosial møteplass i bygda. Kvar tysdag blir det arrangert felles handletur for pensjonistane.
– Vi har fire faste pensjonistar som hjelper til med å køyre rundt alle dei som ikkje kan køyre sjølve. Då får dei handla, samtidig som dei treffest og får både kaffi og noko søtt. Det set dei pris på, seier Naustdal.