Org nr 822 236 162 MVA
Televegen 5,
3802 Bø i Telemark,
Norge
Calle Murillo 30,
03170 Ciudad Quesada Rojales,
Alicante Spania,
NIF: N0375699F
Foto: Snarkjøp
Laurdag 7. februar opna Knaben landhandel dørene på nytt – no som del av Snarkjøp-kjeden og delvis fjernbetent butikk med RMA-Butikkstyring frå Liberty Now. Og Knaben er verkeleg ein del av norsk handelshistorie; I 1954 opna nemleg Sørlandet sin første sjølvbetjente butikk nettopp her. Med nyopning i 2026 sluttar butikken sirkelen. Tradisjonen med å gå føre held fram; denne gongen med delvis fjernbetent og høgteknologisk drift.
09.02.2026
På veggane heng det teikningar av den første sjølvbetjente butikken og ein er rett og slett omkransa av historie gjennom oppslag, bilder og historiske gjenstandar. Butikkstyringa derimot er høgteknologisk og kunden får tilgang til alkohol via eit eige rom med handavlesing som døropnar.
I tillegg til den synlege historia i butikklokala er det i kjellaren på landhandelen bygd eit 150 kvadratemeter stort museum. Det gamle bakeriet frå 1934 var i drift til 70-tallet og står intakt. Her vert det no kafé på dagtid og pub ved arrangement. Knaben har ei gruvehistorie heilt tilbake til 1858 og leverte viktige råstoff til våpenindustrien. Under andre verdskrig var Knaben strategisk viktig og vart bomba to gonger. Eigar og eldsjel Anton Ivar Hunsbedt ynksjer å få vist fram både gruvehistorie, krigshistorie og butikkhistorie på Knaben.
Foto: Snarkjøp
Og Hunsbedt må nok seiast å ha butikkdrift i blodet. Bestefaren dreiv butikk på Knaben alt i 1904. Faren overtok bygget til Knaben landhandel i 1961 og Hunsbedt har mange barndomsminner frå butikkdrift heime på garden. På sikt håper han at dei får flytt den gamle butikken frå 1916 ned til landhandelen og lage museumsbutikk og kiosk.
– Det er tre mil til næraste butikk, så dette betyr enormt mykje for både fastbuande og hyttefolk, seier Anton Ivar Hunsbedt. Butikken er no open 07–23 kvar dag, med ambisjon om døgnopen 24/7 på sikt. Det gjer definitivt kvardagen enklare for alle. Det er stor aktivitet på Knaben, som har over 350 hytter og leilegheiter, leirskule, skisenter og dagsbesøkande. Hunsbedt seier det er mange som har etterlyst eit utvida tilbod og som set stor pris på satsinga: – Dette er noko vi har tenkt på ei tid. Mange kjem for eksempel opp til hytta fredag kveld. Då har det vore stengt. No kan dei berre bruke kortet sitt og handle når det passar. Dette vert eit veldig bra tilbod, og vil gjere det endå meir attraktivt både å bu og ha fritidsbolig her.
Foto: Snarkjøp
Både eigarskapet og drifta av landhandelen er lokalt. Det har vore ei sterk dugnadsånd rundt prosjektet. Hunsbedt seier folk har slutta veldig opp om satsing og vore ivrige. Tidlegare ordførar Odd Omland klipte snora under opninga, folk fekk servert både lokalmat, gode opningstilbod og kaffi og kaker. Ivrige gjestar fekk òg besøke museumet i Potetkjellaren, som er eit gamalt beredskapslager. Det kom så mange på opninga at det til tider var kø heilt rundt butikken.
Hunsbedt ynskjer å skryte av all hjelp prosjektet har fått frå Merkur-programmet, som har bidrege med både rådgiving, nettverk og økonomi. – Eg ynskjer å skryte veldig av Merkur-programmet. Det er veldig bra for distrikta og utkantane at ein hjelper til å behalde butikkane, seier Hunsbedt. Kommunen har òg bidrege med kjærkomne midlar frå Buheii-fondet. Han trekkjer òg fram det gode samarbeidet med Snarkjøp-kjeda, som har vore tett på i prosessen. Dagleg leiar Per Eivind Vik var tilstades på opninga og er full av lovord om satsinga på Knaben.
Foto: Snarkjøp
Kommunikasjon, Liberty Now
Beate Marie Dahl Eide