Kontakt oss

LIBERTY NOW AS

Org nr 822 236 162 MVA

Hovedkontor

Televegen 5,

3802 Bø i Telemark,

Norge

Avdelingskontor

Calle Murillo 30,

03170 Ciudad Quesada Rojales,

Alicante Spania,

NIF: N0375699F

Nyheter

Foto: Gina Albrethson, Grenda 

Nærbutikken Lyngnes satsar på ny teknologi: ny kvardag for kundar og tilsette

Fredag 6. februar markerte Nærbutikken Lyngnes i Matre starten på ei ny tid. Som første butikk i Kvinnherad er butikken no delvis fjernbetent, med utvida opningstider og moderne RMA-Butikkstyring frå Liberty Now. – Det viktigaste for oss er kundane våre. Det å kunne gje dei eit like godt tilbod på ein liten plass som på ein stor plass, med tanke på opningstider, seier butikksjef Torill Lyngnes.

06.02.2026

Overgangen til betjent-fjernbetjent butikk vart markert med snorklypping av ordføraren, grilling av pølser og servering av kaffi og kaker. Ei flott feiring av ei viktig satsing for bygda!

Betre tilgjenge for kundane i ei lita bygd

Og den nye løysinga gjev utan tvil eit godt tilbod til dei under 100 fastbuande i bygda: No er butikken open frå kl. 6 til 22. Lyngnes håpar både gjennomreisande og hyttegjestar vil nytte seg av tilbodet og seier omlegginga har gått veldig bra: – Vi har hatt ope heile tida og siste dagane har vi fått testa litt og kundane er veldig positive.

Teknologi som gjer det mogleg for små butikkar å overleva

Når Lyngnes forklarer kvifor dei valde høgteknologisk drift er ho tydeleg: Kundane våre og tilbudet vi kan gje dei. Det er det aller viktigaste. Og så tenker eg at dette er måten små butikkar kan overleva på.

At butikken blir delvis fjernbetent betyr òg meir fleksibilitet for dei fire som arbeider i butikken.

– Jobben må jo gjerast, men ein kan gjere mykje av arbeidet på andre tider. Det gjer kvardagen lettare, seier Lyngnes.

Viktig for lokalsamfunnet 

Nærbutikken Lyngnes er meir enn ein daglegvarehandel. Her er det kaffikrok, bensinstasjon og dekkverkstad. Bedrifta driv i tillegg med skulekøyring og lastebiltrafikk. Det er nesten to mil til neste daglegvarebutikk og Lyngnes seier det er viktig for folk at det er butikk her: – Det betyr mykje for plassen og vi har veldig stabile og gode kundar. Vi kunne ikkje har vore her utan dei, seier ho.

Sterk støtte frå Merkur og kommunen

Lyngnes skryter av det statlege Merkur-programmet og seier det har vore heilt avgjerande for at dei har kunne satse: – Hjelpa frå Merkur har vore kjempebra! Dei hjelper med det dei kan og er veldig positive. Bygde-Norge hadde vore veldig redusert utan Merkur-programmet og Merkur-støttta, seier Lyngnes engasjert. Ho seier vidare at Kvinnherad kommune og politikarane òg har vore ein god og tydeleg støttespelar for butikken.

Foto: Nærbutikken Lyngnes

Gler seg til søndagsfri for første gong på fleire tiår

Torill og familien tok over drifta av butikken i 1990 og har halde ope sju dagar i veka sidan då. Søndagsope har dei hatt sidan 1988 om ein reknar med tida med bensinstasjon med kiosk. Dei har vore ein del av NorgesGruppen heile vegen.

Torill er open om kva ho personleg ser mest fram til med innføringa av den nye teknologien:
– Eg gler meg aller mest til å få søndagsfri! Det betyr meir tid til familie og barnebarn – og litt bobil-tid på sommaren. Det blir fantastisk!

Eit framtidsretta løft for bygda

CEO i Liberty Now, Hans Olav Bakås, er glad for å kunne bidra med teknologi som gjev ei fleksibel og trygg løysing, som rustar butikken i Matre for framtida.

-Moderne teknologi brukt klokt bidreg til å støtte menneske, gje betre kvardagar og sikre at viktige møteplassar i distrikta består. Vi ser stadig nye døme på at løysingane våre gjev nye mogelegheiter for menneske og lokalsamfunn over heile landet, seier Bakås stolt.

Kommunikasjon, Liberty Now
Beate Marie Dahl Eide