Kontakt oss

LIBERTY NOW AS

Org nr 822 236 162 MVA

Hovedkontor

Televegen 5,

3802 Bø i Telemark,

Norge

Avdelingskontor

Calle Murillo 30,

03170 Ciudad Quesada Rojales,

Alicante Spania,

NIF: N0375699F

Nyheter

Foto: Liberty Now

Fire generasjonar løftar Joker Fyresdal inn i ei ny tid

15.januar vart Joker Fyresdal døgnopen, med ei moderne teknologiløysing levert av Liberty Now. Under opninga stod heile fire generasjonar saman, og Mai Kile fører no familiearven vidare inn i ei ny tid, gjennom å digitalisere butikken som besteforeldra i si tid bygde.

15.01.2026

Fyresdal får no ei butikkoppleving som set ein ny standard for tilgjenge og fleksibilitet; Kundane kan handle når det passar dei – heile døgnet! Dei tilsette kan gå heim for dagen, samtidig som handelen fortset ved hjelp av RMA-Butikkteknologien.

Fire generasjonar opna butikken

Tidlegare butikkdrivar, bestemor Tordis (90), fekk æra av å klippe snora. Saman med butikksjef Mai Kile, far Øyvind og borna til Mai; Oline (4) og Ronja (12) som heldt snora, var ho eit sterkt symbol på korleis butikken har vore drive og vore ein viktig del av bygda gjennom fleire tiår.

Viktig å henge med tida

Butikkdrivar Mai har vore ein viktig pådrivar for digitaliseringa; – Det er den vegen det går. Vi må utvikle oss og henge med i tida, seier ho. Driftssjef i Kjøpmannshuset, Inger Hilde Vaagen, er svært positiv til etableringa av døgnopen butikk i Fyresdal, og har mange lovord å komme med; – Eg er veldig stolt av Mai og jentene i butikken. Dette har eg veldig trua på, seier Vaagen.

Tilsette ved Joker Fyresdal saman med CEO i Liberty Now Hans Olav Bakås, driftssjef i Kjøpmannshuset Inger Hilde Vaagen, ordførar Erik Skjervagen og næringssjef Gerd Straume. Foto: Liberty Now

Ei døgnopen løysing som styrkjer bygda 

Ordføraren i Fyresdal, Erik Skjervagen, peika under opninga på kor viktig satsinga er for bygda, og at det skjer mykje positivt framover, med blant anna bygging av eit stort datasenter som vil gje mykje aktivitet og større kundegrunnlag. Med døgnopen butikk blir både butikken og Fyresdal endå meir attraktiv for både fastbuande og besøkande – og viser korleis moderne teknologi kan skape verdifulle løysingar i distrikta.

Teknologi og menneske – hand i hand

Hans Olav Bakås, CEO i Liberty Now, understreka i si helsing at teknologien ikkje skal erstatte menneske, men støtte dei. – Det er samspelet mellom teknologi og menneske som skapar verdi. Løysinga fungerer fordi ho gjer kvardagen enklare for både butikkdrivarar og kundar. Det er alltid eit menneske tilgjengeleg, sa Bakås.

Ein viktig møteplass 

Frå ein kjem inn døra hos Joker Fyresdal er det tydeleg at dette er mykje meir enn ein daglegvarebutikk. Nabokroken er ein sosial og fin møteplass, der faste gjestar kan få abonnementet “Nabo-avtala”; ein personleg kaffikopp med namnet ditt på. Innerst i butikklokalet ligg det ei populær sjølvbetent bruktbu.

Første kunde ut var Eskil Nordbø.
Foto: Liberty Now

Dei seks fast tilsette, saman med ekstrahjelper, gler seg til å no kunne gje eit endå betre tilbod til både innbyggjarar og hytteturistar. Dei tilsette trur den døgnopne butikken vert eit kjærkome tilbod for mange, og nemner både trailersjåførar, heimesjukepleiarar på vakt, ungdommar på kveldsturar, pendlarar som kjem heim etter stengetid, hyttefolk – og alle oss andre som treng noko “i farta”.

Kommunikasjon, Liberty Now
Beate Marie Dahl Eide