Kontakt oss

LIBERTY NOW AS

Org nr 822 236 162 MVA

Hovedkontor

Televegen 5,

3802 Bø i Telemark,

Norge

Avdelingskontor

Calle Murillo 30,

03170 Ciudad Quesada Rojales,

Alicante Spania,

NIF: N0375699F

Nyheter

SPAR Raudeberg er høgteknologisk og døgnope 24/6

SPAR Raudeberg har fått RMA-Butikkstyring frå Liberty Now og er no ein høgteknologisk og delvis fjernbetent butikk. Butikken har gått frå å stenge klokka 21 til å halde døgnope 24/6, og fredag 25. september feira butikken overgangen med kake, gode tilbod og konkurranse for kundane.

04.10.2026

Fjerde høgteknologiske butikk i Gange Rolv AS

SPAR Raudeberg er den fjerde butikken i Gange Rolv AS som tek steget over til høgteknologisk drift. Frå før har Joker Godøy i Giske, SPAR Tresfjord og Joker Åheim i Vanylven gått same vegen. Både dei tilsette og dei lokale kundane er samde: Overgangen til delvis fjernbetent butikk er eit kjempetilbod til kundane og til bygda. 

– Heilt utruleg at det kan verke så bra! seier butikksjef Annelin Sørgård.

SPAR Raudeberg er døgnope – med same betente kjernetid

Før heldt butikken ope fram til klokka 21. No kan kundane handle heile døgnet, mandag til laurdag. Butikken har betent kjernetid frå 08 til 18 mandag – laurdag, så kundane møter dei kjende tilsette som før. Du finn alle opningstidene på butikksida på spar.no.

Utanom betent tid kjem kundane inn ved å halde bankkortet eller mobilen mot kortlesaren ved døra og taste PIN-kode. Når displayet lyser grønt, er døra open. Skiltet ved inngangen er på norsk, engelsk og tysk, noko som gjer det enkelt for campinggjestene òg.

SPAR Raudeberg hadde allereie sjølvskanningskassar, og kundane har meistra endringa supert.

– Vi tilsette er trygge på at kundane og bygda no får ei mykje betre løysing, seier Sørgård.

Eit betre tilbod for fastbuande og tilreisande

Raudeberg ligg på Vika i Kinn kommune (tidlegare Vågsøy). Området har mykje turisme, særleg camping. Med døgnope butikk kan både fastbuande og tilreisande handle når det passar dei. Òg Nærbutikken Rognaldsvåg, ein annan butikk i Kinn kommune, har teke i bruk teknologien frå Liberty Now. Sjå alle butikkane på kartet.

 

Foto: Kaka på feiringa sa det meste: «Gratulerer med døgnåpen butikk».

Kake, kylling og konkurranse på SPAR Raudeberg

Under markeringa kunne alle kundar som var innom, levere kvitteringa si med namn og telefonnummer. Til slutt trekte butikken ein heldig vinnar.

– Vi hadde òg gode tilbod på godteri og grilla kylling. Kundane set pris på gode tilbod, seier Sørgård.

Kommunikasjon, Liberty Now
Elisabeth Irene Hoel