Frå 5. september kunne innbyggjarane i Åheim handle når det måtte passe dei, døgnet rundt. Joker Åheim var den neste butikken i Gange Rolv AS som gjekk over til høgteknologisk, fjernstyrt drift med RMA-Butikkstyring frå Liberty Now. Overgangen vart markert på beste vis, midt under Åheimsdagen, som heile bygda stiller opp for kvart år.
08.09.2026
Eit viktig møtepunkt i bygda
Åheim er ei lita bygd i Vanylven kommune, kjend for dei store olivinførekomstane og for den flotte lakseelva som renn gjennom bygda. Her, som i så mange andre lokalsamfunn langs kysten, er nærbutikken meir enn ein stad å handle mjøl og mjølk. Det er staden folk møtest, utvekslar nyheiter og held bygda saman.
Det er nettopp denne rolla butikksjef Stine Endal er oppteken av å ta vare på når butikken no går over til døgnopne og fjernstyrte løysingar:
– Vi skal framleis vere den staden folk stikk innom for ein prat, ikkje berre ein stad å handle. Med RMA-Butikkstyring kan vi halde ope langt fleire timar enn før, utan at det går ut over den gode kundekontakten vi er kjende for, seier Endal.
Foto: Joker Åheim, ny høgteknologisk og døgnope nærbutikk i Vanylven. Heile bygda feira butikken sin. Fotograf alle bilder: Tanja Anett Thunem
Eit samarbeid som blir tettare igjen
Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne saka kjennest litt ekstra spesiell for oss i Liberty Now. For fem år sidan jobba underteikna og Stine Endal saman på Joker Åheim. No får vi endeleg høve til å samarbeide tett igjen – denne gongen om å ta butikken inn i ein ny og høgteknologisk fase. Det er ei fin påminning om kor mykje som skjer i lokalbutikkane rundt om i landet, og kor viktig det er å ha folk som kjenner bygda og kundane sine når endringar skal gjennomførast.
Døgnope frå Åheimsdagen
Overgangen til fjernstyrt drift blei markert i samband med Åheimsdagen, ein tradisjon som engasjerer store delar av bygda. Det gjer lanseringa til noko meir enn ei teknisk oppgradering – det blir ei feiring av butikken og av bygda sjølv.
Med RMA-Butikkstyring får Joker Åheim moderne løysingar for døgnope sal, samtidig som det trygge, kjende inntrykket av butikken blir teke vare på.
Foto: Sebastian Lien, Antje Mertsching og Butikksjef Stine Endal utanfor Joker Åheim