Kontakt oss

LIBERTY NOW AS

Org nr 822 236 162 MVA

Hovedkontor

Televegen 5,

3802 Bø i Telemark,

Norge

Avdelingskontor

Calle Murillo 30,

03170 Ciudad Quesada Rojales,

Alicante Spania,

NIF: N0375699F

Nyheter

Nærbutikken Holmefjord er 12 år – no døgnopen og digital

Nærbutikken Holmefjord feira 12-årsjubileum, i dag 04.juli. Men jubileet stoppa ikkje med kake og quiz – nærbutikken har samstundes teke steget inn i den digitale verda, og er no døgnopen med RMA-butikkstyring frå Liberty Now. 

04.07.2026

Nærbutikken Holmefjord ligg som eit nav midt i Nore Fusa.

Jubileet blei feira med lykkehjul og quiz. Ungdommen på Nore Fusa vart tidleg invitert på dugnad og workshop for å gjere Nærbutikken Holmefjord klar til den store dagen. Ikkje mindre enn 25 flotte ungdommar stilte opp for nærbutikken sin! 

– Ungdommane gjorde ein fantastisk jobb. Etterpå kunne vi kose oss med bollar og brus, seier May Boge.

Mindre areal, meir triveleg hos Nærbutikken Holmefjord 

May Boge er oppteken av å skapa ei inkluderande atmosfære, ein trygg møteplass. I samband med endringane mot å bli døgnopen og delvis fjernbetjent butikk har fleire endringar vore gjort. Butikken var tidlegare på omtrent 150 m², no er salsarealet redusert til under 100 m².

Vi gjorde ei undersøking, i samband med kjeda og Merkur, i den første fasen av prosessen. Der såg vi at dei aller fleste ynskte seg ein søndagsope butikk. Butikken har vorte veldig fin. Vi har klart å få plass til mykje varer – på liten plassseier May Boge.

Det resterande arealet er no blitt ein koseleg kaffikrok, romsleg og med godt om sitteplassar. 

– Vi bestemte oss tidleg for at vår visjon skulle vere nettopp «navet i bygda». Det skal vere ope for alle, utan invitasjon. Nærbutikken Holmefjord er den einaste faste møteplassen i bygda, seier May Boge.

Store investeringar og godt samarbeid med Merkur 

Nærbutikken Holmefjord har ikkje berre gjort endringar i arealet. Det er gjort store investeringar i ny panteautomat, vareautomat og kjølerom – og ikkje minst RMA-teknologien.

– Heldigvis har vi eit fantastisk samarbeid med Merkur-programmet og vår fantastiske Merkur-konsulent Per Spillum. Utan støtta derifrå hadde det rett og slett ikkje vore mogleg, seier May Boge.

– May Boge utmerkar seg som ein grundig og dyktig drivar. Ho tar ting i rett rekkefølge, og jobbar godt strategisk. Ho har klart å få butikken til å blomstre! Det blir spennande å følgje utviklinga vidare hos Nærbutikken Holmefjord, seier Merkur-konsulent Per Spillum.

Kommunikasjon, Liberty Now
Elisabeth Irene Hoel