Kontakt oss

LIBERTY NOW AS

Org nr 822 236 162 MVA

Hovedkontor

Televegen 5,

3802 Bø i Telemark,

Norge

Avdelingskontor

Calle Murillo 30,

03170 Ciudad Quesada Rojales,

Alicante Spania,

NIF: N0375699F

Nyheter

SPAR Tresfjord er no døgnopen – fyrst i sitt nærområde med RMA-butikkstyring

Med RMA-butikkstyring frå Liberty Now kan lokale kundar – pendlarar, bønder, fiskarar og brøytemannskap – no handle når det passar dei, heile døgnet. 

02.07.2026

Tresfjord på Vestnes, i Møre og Romsdal, kan endeleg feire at SPAR Tresfjord er døgnopen og høgteknologisk med RMA-butikkstyring frå Liberty Now. Både butikk og bygd har venta på denne dagen. 

Høgtideleg snorklipp

Varaordførar Bjørn Inge Olsen hadde teke på seg det store smykket for høgtidelege høve, og snorklipping av bygda sin kjære SPAR Tresfjord vart ei høgtideleg stund. Høgtideleg nok i alle fall, med gladplast til snor og tapetkniv til klipping – i butikkdrifta si ånd.

Tidspunktet for feiringa er ikkje tilfeldig. I dag, 2. juli, opnar òg revyfestivalen Gapskratten 2026 – ein tradisjon med djupe røter i Tresfjord, på same måte som butikken sjølv.

Det er venta stort innrykk av folk i godt humør og feststemning dei næraste dagane. 

 

Foto: Høgtideleg tale frå Varaordførar 

Ein del av ein av Vestlandets største daglegvareaktørar

SPAR Tresfjord er ein del av Gange Rolv AS, som er ein av dei største aktørane i daglegvarehandelen på Vestlandet.

– Vi gleder oss til å sjå effektane. Vi har allereie Joker Godøy med løysinga frå Liberty Now. Det kjem også to butikkar til i løpet av seinsommaren, SPAR Raudeberg og Joker Åheim. SPAR Tresfjord blir den første av våre butikka som er døgnope, seier Sverre Olav Sebjørnsen, Dagleg leiar i Gange Rolv AS.

Driftsleder i SPAR, Sindre Ringdal skryter av Laila og butikken.

– Vi er imponert over jobben Laila gjer for butikken og ikkje minst bygda. Vi håpar lokalbefolkninga tar vare på, og bruker, butikken sin, seier Sindre Ringdal.

Slik fungerer RMA-butikkstyring

RMA-butikkstyring inneber at kundane skannar eller tappar seg inn mot eit depositum på berre éi krone. I butikken er det montert fleire kamera, og butikken kan fjernbetenast frå kor som helst.

Butikken vil framleis ha si betente kjernetid. Når dei tilsette går heim, vert butikken fjernbetent. I den utvida opningstida har SPAR Tresfjord valt å nytte B2C-tenesta frå Liberty Now.

SPAR Tresfjord blir dermed den første butikken med RMA-butikkstyring i sitt nærområde.

Foto: Butikksjef Laila Jøsvoll ved ingangen

Kundane set pris på sin eigen nøkkel

Butikksjef Laila Jøsvoll fortel at mange av dei lokale kundane har gleda seg til nyopninga.

– Vi har mange pendlarar, bønder, fiskarar, brøytemannskap og så vidare. Arbeidstida deira lèt seg ikkje alltid kombinere med opningstidene til butikken. Dei set pris på å få «sin eigen nøkkel til butikken», seier Laila Jøsvoll.

– Dei lokale kundane har eit eige eigarskap til butikken sin. Vi ynskjer å vere tilgjengelege. Det er jo eit supplement. Vi har også ein campingplass rett i nærleiken – dei har også behov for å utvide kjøleskapet sitt. Når butikken blir så tilgjengelig ser kundane på butikken som eit utvida kjøleskap, seier Laila Jøsvoll.

Foto: SPAR Tresfjord er rigga for framtida

Kommunikasjon, Liberty Now
Elisabeth Irene Hoel