Nyheter

IDYLLISKE SPAR JONDAL HAR TEKE I BRUK RMA-TEKNOLOGIEN

SPAR Jondal ligg idyllisk til i det vakre landskapet på kaia, berre 30 minutt frå isbreen Folgefonna på Vestlandet.

31.05.2026

Butikken har nyleg blitt kjøpt opp av B-gruppen og har fått ny butikksjef, Bjørnar Wikane. Han har brei erfaring frå daglegvare og har gleda seg til å kome i gang med RMA-teknologien frå Liberty Now.

Kundane er positive

– Kundane har hatt ei positiv innstilling. Det har gått over all forventning. Vi ser at dei oppfattar det som spanande å få hjelp frå B2C i kassepunktet, seier Wikane.

SPAR Jondal har valt å bruke B2C-tenesta frå Liberty Now store delar av døgnet.

Kundane synest det er spanande med fjernbetening.

Betre bruk av ressursar

– Med RMA-teknologien frå Liberty Now får vi betre tid til å fylle på frukt og grønt. Vi får faktisk frigjort ressursar til å fylle på overalt. Kundane har allereie erfaring med sjølvskanningskasser, og dei synest det er spanande med den fjernbetente teknologien. Dei tilsette får ein meir variert kvardag, og vi treng ikkje låse oss til kassepunktet, seier Wikane.

Butikken er kjend for sin framifrå service, med ei freistande ferskvareavdeling. Området har mykje turisme frå både fjernt og nært.

Flott landskap

SPAR Jondal har allereie brukt RMA-teknologien i omtrent ei veke. Butikken har utvida opningstida, og det kan sjåast på handelen. Kundane set pris på fridomen. I løpet av den første veka med fjernbetening og utvida opningstid har butikken hatt 22 prosent fleire handlar – alle utanfor den ordinære opningstida.

Køyrde konkurranse der ein kunne vinne middag for to

For å feire den nye teknologien og den utvida opningstida køyrde Wikane i gang ei konkurranse. Alle som handla i dei sjølvbetente kassane i perioden 21.–25. mai, kunne levere kvitteringa si i ein boks.

Eirik og Ottar Arild trekte den heldige vinnaren: Knut Utne.

– Det var ein stor suksess! Det var nok meir enn 200 som deltok i konkurransen. Den heldige vinnaren kan glede seg over ein middag for to på Hardanger House, seier Wikane.

SPAR Jondal føyer seg inn i rekka som endå ein butikk som er betre rusta for framtida med RMA-teknologien frå Liberty Now. Både kundane og butikken får større fridom.

Kommunikasjon, Liberty Now
Elisabeth Irene Hoel