Org nr 822 236 162 MVA
Televegen 5,
3802 Bø i Telemark,
Norge
Calle Murillo 30,
03170 Ciudad Quesada Rojales,
Alicante Spania,
NIF: N0375699F
No er Nærbutikken Rognaldsvåg blitt høgteknologisk og dei fastbuande ser fram mot å bli kjende med det nye systemet. Sunde er 4. generasjons kjøpmann på Nærbutikken Rognaldsvåg (Rognaldsvåg Landhandel), på øya Reksta i Kinn kommune. Den erfarne kjøpmannen har vore ein viktig figur i både lokalmiljøet og butikkdrift på vestlandet.
27.03.2026
Sunde gjorde ein framifrå jobb på 90-talet for å dokumentere dei reelle effektane av alkoholsal i bygdene. Den vesle bygda fekk først rykte for sitt store konsum, men det heile viste seg å vere feil tolking av det totale salet.
Den vesle øya får nemleg mykje besøk i løpet av somrane. I dag har øya omtrent 50 fastbuande, antal menneske aukar gjerne med 10 gangen i løpet av sommaren. Då salet vart korrigert for alle turistane, var ikkje konsumet så høgt likevel, faktisk mindre enn gjennomsnittet.
Sidan den gong har butikken vore gjennom fleire endringar. I løpet av dei fem siste åra er heile butikken oppgradert. Butikken er no høgteknologisk. Sunde skryt voldsomt av Liberty Now og Merkurprogrammet, -og støtta derifrå.
– Merkurprogrammet er viktig for distrikta. Lokalsamfunnet får desse midlane frå storsamfunnet, seier Sunde. Han påpeikar samtidig at det ligg ei stor investering også frå butikken si side i denne oppgraderinga.
Som fjerde generasjon kjøpmann har han no tatt steget, Nærbutikken Rognaldsvåg blir delvis fjernbetjent med RMA (Retail Multi Automation), teknologien utvikla frå Liberty Now.
– Eg ser dette som eit bidrag til større friheit, og ikkje minst enklare løysningar, for både butikk og kundar.
Teknologien til Liberty Now bidreg til auka tilgjengelegheit. Det er dette som er framtida. For meg som kjøpmann gir det meir fleksibilitet, seier Sunde.
Han ser for seg utvida opningstider med det nye systemet.
Butikken har allereie ei viktig plass i bygda og fungerer i dag som servicepunkt for Kinn kommune. Det betyr at butikken er ein fast møteplass, med både kaffi og hjelpsam betjening.
– Vi hjelper med alt frå scanning og utskrift, til byggesøknadar. Det gode samspillet mellom butikken og fastbuande er viktig i eit lite bygdesamfunn. Vi er avhengige av kvarandre, seier Sunde.
Bygda har fått styrka butikken sin, som no har teknologien til å halde det gåande i fleire nye generasjonar.
Kommunikasjon, Liberty Now
Elisabeth Hoel